Kategoriarkiv: Nyhet

SEMINAR OM «PSYKISK HELSE» MED SIGBJØRN VINDHEIM

Program for helga

LAURDAG 20.oktober. Sagvåg bedehus
kl 12.00-15.00 To undervisningsøkter med servering mellom.
kl 19.00 Møte

SØNDAG 21.OKTOBER. Kristkyrkja (Bjellandsvegen 51):

K. 11.00 Gudsteneste med relevant tema

Tematikk

  • Er du i full vigør og lever eit godt liv?
  • Eller er du sliten og av den grunn kjenner på utfordringar?
  • Kjenner du nokon som har det vanskeleg og vil hjelpa?
  • Er du interessert i dette som handlar om psykisk helse og ønskjer eit nytt perspektiv på dette å leva i ein tøff verden?
  • Er du nysgjerrig på kva som føregår på innsida av psykiatrien?
  • Synest du åndeleg omsorg er viktig?
  • Korleis kan me avgrensa dødsangst, vår tids tabu?
  • Korleis handterer eg plikt kontra livsutfalding?
  • Kva gjer eg når gapet mellom ideal og røyndom blir for stort?
  • Kva svar gjev historia oss gjennom dei siste 4000 år?
  • Kva kan eg sjølv gjera av realistiske livsstilsendringar?
  • Kva gjer eg når situasjonen verkar uhandterleg?
  • Kva kan forskninga stadfesta?

Målet med seminaret er å oppmuntra og førebyggja. Det spelar ingen rolle om du har det bra eller ikkje.

DERSOM LIVET DITT GÅR HEILT PÅ SKJENER AKKURAT NO, kan det vera nyttig å ha kunnskap om desse tinga med tanke på di eiga framtid, eller slik at du kan vera til litt hjelp for andre.

DET ER I GODE TIDER ME MÅ FYLLA VERKTØYKASSA

(Dette seminaret vil ikkje koma til å ta opp problemstillingar knytta til tung psykiatri eller til det som handlar om seksuell orientering)

SEMINARET HAR EIN FOLKELEG PROFIL, OG HAR LÅG TERSKEL. TA GJERNE MED EIN VEN

–OBS! OBS! FARE FOR LITT GALGENHUMOR!

SLAPP HEILT AV: INGEN GRUPPEARBEIDER – LEN DEG TILBAKE

MEN DET BLIR GOD TID TIL SPØRSMÅL / KOMMENTARAR