Sommarens storsamling
04.06.2011 24.-26. juni er det klart for sommarens storsamling i Ølen.
Hovudtalar i år er forsamlingsleiar i Betlehem, Gunnar Ferstad.
Årsmøtehelga startar fredag kveld med Minnest du songen, ein konsert med forsongarar og husorkester frå Kvam, Sissi og Johannes Kringlebotten frå Etne, Nancy Karine Sangholt, Sveinung Andersen og Miriam Sakseid.
Laurdag er det program heile dagen.
Barnas Sommarfest i Kyrkjetunet og Opningsmøte i idrettshallen startar kl 10.00. Deretter er det forhandlingsmøte, gøy i parken, barnegospelfest og familiekonsert med 4U, stormøte m/song av Sveinung Andersen og ungdomskonsert.
På søndagen kan du få med deg festmøte i idrettshallen eller Show-it, ei kreativ barnesamling og aktivitetar i Kyrkjetunet kl 11.00, og kl 14.30 er det storfamiliemøte i idrettshallen, der både Sunnhordlandsmusikken og 4U deltek.
Du finner meir info på nettsidene til Indremisjonssamskipnaden!