Kategoriarkiv: Nyhet

Lytt til taler og temasamlinger på nett

Vi håper mange vil lytte til taler fra Sagvåg Bedehus
Derfor tester vi no “podcast

Det betyr at du kan lytte til talene her på nettsida, eller du kan laste ned og lytte via ein iPod (eller noko i den dur).

Temasamlinga den 29. september er alt på nett:
https://sagvagbedehus.no/podcast/en-kurv-til-min-datter-om-tradisjonsformidling-i-heimen/
Fleire talar kjem på sikt!

Foto: flickr.com/photos/khalidalbaih/

Les videre

Ein viktig temakveld

Søndag 29. september – kl. 19.30

Tema:
“En kurv til min datter – om tradisjonsformidling i heimen.”

Song og musikk ved Heidi Rolfsnes og Britt Kristin Ladehaug

Anne Karin Rudjord Unneland er Førstelektor i pedagogikk ved NLA Høgskolen Bergen.
Det blir fokus på trusopplæring i heimen. Korleis vi som familie eller enkeltpersonar kan leve med i kyrkjeåret og høgtidene. Om korleis vi blir danna gjennom det vi både høyrer, ser, lukter og smaker…

Tru på heimebane
Det handlar om korleis vi kan bruke dette med tradisjonar som innføring i den kristne trua. Unneland vil ta for seg korleis vi kan praktisere vår kristne tru, med vekt på ei praktisk og konkret tilnærming.

Dette er eit veldig aktuelt tema
Les for eksempel:
– Storsatsing på åndelig liv i hjemmet
– Aftensang og bordbønn
De er fortsatt aktive kristne

Kjem du?
Målgruppa for kvelden er foreldre og besteforeldre som ynskjer å være med å gje vidare det beste til barn og barnebarn.

 

Velkommen til søndagsmøte

Ståle Meland skal tale!

Ståle Meland skal tale!

Du kjem vel på møte?
Søndag 9. september, kl. 19.30

Ståle Mæland skal tale
Han er 31 år og kjem frå Bømlo. Ståle er gift med Hilde og har to gutar på eit og snart tre år.

Til daglig jobbar han som automatikar i Siemens på Bømlo.  Ståle har tidligare reist som forkynnar i Indremisjonen, og reiser no litt på fritidsbasis.

Tone skal spela og syngja på møte!

Tone skal spela og syngja på møte!

Tone Synnøve Hellesøy skal synge
Det blir song og piano ved Tone Synnøve!

Tone er lykkelig gift fembarnsmor, med pianoutdanning og lang erfaring som pianolærar og pianist.

Familien har alltid vært aktivt med i kristne fellesskap og er i dag med i Kristkyrkja.

Dei har budd ulike stadar, i Michigan, USA,  og i Flensburg, Tyskland. Dei budde nesten 9 år i Rosendal før dei flyttet til Sagvåg for eit år sidan.

Tone har skrive enkle lovsongar dei siste åra, som har vokst fram i lønnkammeret heime ved pianoet. Ho ynskjer å dele nokre av desse med oss på søndag.