Gideon møte

Kom og høyr på Josef Nilsen

Kom og høyr på Josef Nilsen

Sundagsmøte, 14. april, kl. 19.30.
Tale v/Josef Nilsen
Misjonsorientering.
Kollekt til Norsk Gideon
Alle hjarteleg velkomen!

Litt om Gideon:
Gideon er ein tverrkyrkjeleg evangelisk organisasjon som arbeider i 194 land vera over og i løpet av siste arbeidsår distribuerte Gideon ut ca. 85 millionar eksemplar av biblar / nytestamente. Det vil sei 2-3 per sekund.

Ein prøver å plassere testamenter på hotell og andre overnattingsstader – sjukehus og institusjonar – fengsel – mannskapslugarar på båtar og offshoreinstallasjonar samt til elevar i 8. klasse i grunnskulen og også til studentar ved universiteta. I tillegg kjem testamenter som vert gitt ved personleg evangelisering.

Eit vitnesbyrd:
Kjære Nors Gideon!
Tusen takk for det fine nytestamentet eg fekk på skulen. Eg er 15 år og skal konfirmerast i år. I mars var eg på konfirmantleir på Kvamskogen. Der høyrde eg på vitnesbyrdet til ein av leiarane. Plutseleg fekk eg ein følelse av at no måtte eg gjere alvor av å bli ein kristen. Men eg er så redd eg skal falle frå – at eg eigentleg ikkje ynskjer å vere ein kristen i hjarta. Men i hovudet vil eg vere kristen. Eg håpar det går bra. Igjen: Tusen takk for nytestamentet eg fekk. Eg har fått ein del hjelp av å lese i det. Helsing Reidun.